Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

april 2019Monthly Archives

Dagens bøn

23.april 2019

I dag: Bøn for Nasufolket i Kina og for Colombia. Klikk på linken over.

Oddvar Søvik til Stord for å snakka om likklede i Torino 30.april

30.april kjem Oddvar Søvik, mangeårig prest og Frikyrkjepastor til Stord kyrkje for å halda føredrag om det mest studerte og omdiskuterte objektet som eksisterer: Likkledet i Torino. Likklede stammar frå Mist-Austen og er om lag 2000 år gamalt, det er flortynt og har eit fotografisk avtrykk av ein mannsperson som heilt tydeleg har vore torturert og krossfesta, og på panna hans er det merke etter skade frå spisse tornar. Er dette Jesu likklede? Mange ting tyder på det. Eigentleg er bilete i negativ, og det positive bilete som du ser over, kjem fram når ein fotograferer bilete på nytt og framkallar det. Den nye negativen vert då positiv, og slik kjem denne mannens ansiktstrekk klårt til syne.  Men sjølve klede har eit negativt bilete av personen, og det spesielle er at han er avbilda heilt rundt i og med at liket har vore sveipt i kledet.  Korleis kan det ha skjedd? Det eksisterer ikkje noko som dette i heile verda, det er heilt unikt. Er avtrykket kome som eit resultat av sterkt lys i samband med at Jesus vart levandegjort påskemorgon? Dette er ein rasande interessant historie. Her møtest tru og vitenskap, og DET er eit spennande møte.

Oddvar Søvik er ein av dei som veit mest om dette likklede her i landet, og han vil gje deg ein kveld du aldri gløymer.
Vel møtt i Stord kyrkje tysdag 30.april klokka 19.

Les meir om likklede på www.torinokledet.no

 

Simon frå Kyrene

Påske i Kristkyrkja

 

Påska er ei tid då me kan gå skikkeleg nært inn på dei aller mest sentrale hendingane i historia, Jesu liding, død og oppstode, og me kan stoppa opp og spørja oss sjølve kva betydning dette har for oss. Det skal me gjera også i Kristkyrkja.

LANGFREDAG kl 11

1.PÅSKEDAG kl 12 (gratis frukost kl 11).

Vel møtt til store og små!

Gudsteneste palmesøndag

14.april er det palmesøndag. Då vil Marit Helene Aas tala over Matteus 21,1-11. Palmesøndag rommar både ein feststemning hos Jesu disiplar og eit vemot hos Jesus sjølv.  DEI trudde at tida var inne for eit gjennombrot for Guds rike, og dei tenkte at Jesus var komen for å setja seg på Davids kongsstol. Men Jesus visste at palmesøndag var starten på ei veke med konfrontasjonar, svik, radikale oppgjer, intens bønekamp, arrestasjon, avhøyr, pisking og krossfesting. Difor dette vemotet.

Velkomen til gudsteneste for heile familien!

 

Tale 7.april. Pastor Jens Thoresen. Salme 126

Salme 126

For å samkjøra lyd og bilete, må du opna sida i ei ny fane, slik at lyden kjem i ei fane og lysbileta i den andre. Då kan du lett følgja med på lysbileta under talen.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?