
I laupet av dei tre første dagane av Godhet 2017 har me gjennomført rundt 10 oppdrag. Me har stelt hagar, fiksa opp ei ytterdør, henta og montert ein oppvaskmaskin, kasta ein gamal, spylt terrassar, skrapa maling både her og der, vaska ned eit kjøkken, tørka støve, vaska golv m.m. Som alltid: Kjempegøy og muntert og fellesskapande. På bilete over ser du arbeidsgjengen som var ute i går, 31.mai.
Om nokon har lyst å vera med på moroa, så må de berre møta opp på Horneland bedehus i dag og i morgon den 2 juni kl. 17. Der blir det briefing, kaffi, fordeling av oppgåver og bøn. Kjekke ting 🙂

Knut Arve Nordfonn i ein hage der han fiksa opp i nokre overgrodde blomebed.
Knut Vikestrand i sving med plen og kantklypping i den same hagen.