Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

september 2018Monthly Archives

20.-21 oktober: Seminar om psykisk helse. Førelesar: Sigbjørn Vindheim

Sigbjørn Vindheim

Sigbjørn Vindheim er vernepleiar. I tillegg til jobben reiser han rundt i Noreg og heldt seminar om psykisk helse.

Dette er eit lågterskelopplegg, og ingen skal vera redde for å invitera med sine ikkje-kristne naboar og arbeidskameratar.

 

 

Les programmet for helga her:

Psykisk helse

 

Gudsteneste søndag 23.september

Pastor Jens Thoresen

Komande søndag er det pastor Jens Thoresen som skal tala på gudstenesta, og teksten er Matteus 8,1-4, og handlar om at Jesus lækjer ein spedalsk mann. Det er ei kort forteljing med mange fine element i. Her møter me Jesus som den som aldri seier nei til eit menneske i naud som vender seg til han. Det gjeld også deg, kjære lesar. Kom og lytt til Guds ord. Det har kraft i seg både til å lækja og frelsa.

Velkomen i Kristkyrkja kl 11

Tale 16. september. Håkon Carl Hartvedt.

http://www.mediafire.com/file/jffckdhzvxj1hag/H%25C3%25A5kon_Carl_Hartvedt_16._september_2018.m4a/file

Inspirerande, trøystefull  og utfordrande tale av Håkon C Hartvedt på gudstenesta i dag.  Vel verd å lytta til.

Håkon C Hartvedt talar og syng på gudstenesta søndag 16.september

Komande søndag er du hjarteleg velkomen til å høyra på Håkon C Hartvedt som både vil tala og syngja på gudstenesta vår. Det veit me blir kjempebra. Gudstenesta startar som vanleg kl 11

Ære og skam! Tankar om Stord Pride 15.september. Av pastor Jens Thoresen

Eg kvir meg til å skriva dette innlegget. Mange vil mislika det, og nokre bli sinte. Det får våga seg. 15.september skal det vera Pride-parade på Stord, og Gud sørgjer. Ikkje fordi han er fornærma, men fordi han elskar oss, og fordi han veit at det einaste som kan gjera oss lukkelege er at me følgjer han og er lydige mot hans bod.  Men no hyttar me knyttnevane våre mot han, og bed han om ikkje å blanda seg inn… Continue reading »

Fantastisk evangeliseringshelg

Det vart ei lærerik og fruktbar evangeliseringshelg i Kristkyrkja. Leiar for Open Air Campagners, Hartvig Kloster, heldt kurs for kyrkjelyden og andre interesserte i gateevangelisering fredag og laurdag. Laurdag var han og lærlingane ute på Leirvik torg for å dela evangeliet med «folk i farten». Det vart mange flotte samtalar, og Kloster demonstrerte korleis me kan bruka teiknetavle for å fortelja om Jesus og hans frelse på ein artig og kreativ måte.

Her ser du heile gjengen som var med gata.

Ein flott gjeng med ivrige evangelistar

 

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?