Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

februar 2023Monthly Archives

Familiegudsteneste 12.mars.

Søndag 12 mars blir det familiegudsteneste kl 12. Då er det Marit Helene Aas som skal tala. Temaet hennar er «Guds nåde». Hjarteleg velkomen!

Dagens bibelrefleksjon

Gudsteneste søndag 26.februar

Velkomen til gudsteneste komande søndag kl 12. Det er pastor Jens Thoresen som skal tala. Tema: «Guds fred som går over all forstand». 

Informasjonsmøte om The Send 2023

I dag kom Halvor Lindal, Erlend Seglem, Linn Magritt Jansen Bru og Vigdis Deborah Håland til Stord for å orientera om The Send (misjonskonferanse for ungdom) som skal arrangerast i IMI-kirken i Stavanger laurdag den 10.juni. Erfaringane frå fjorårsarrangementet i Telenor Arena i Oslo var svært gode, og dette året blir det desentralisert med arrangement i Oslo, Kristiansand og Stavanger. Alle dei store misjonsorganisasjonane stiller seg bak The Send i år som i fjor. Arrangementet varer heile dagen med forkynning,… Continue reading »

Bibel og bøn. Podkast

Tidlegare episodar finn du under menyen øvst til venstre på nettsida. 20.februar 2023

Familiegudsteneste 19.februar kl 12

Pastor Jens Thoresen

Søndag 19.februar er du velkomen til FAMILIEGUDSTENESTE kl 12. Tema for denne gudstenesta er GLEDE. Bibelen er full av ord om glede, og han er full av gledelege hendingar. Tenk berre på alle undera Jesus gjorde, og kor glade folk vart då. Og ikkje minst då læresveinane møtte han 1.påskedag. Det er lett å snakka om glede ut frå Bibelen, og dagens predikant, pastor Jens Thoresen, gler seg til det :). Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi. Det er fastelavnssøndag denne søndagen, og ei nybaka bolle vil gjera susen.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?