Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Bøn for fengsla kristne

 

Asia Bibi

Asia Bibi er 40 år, fembarnsmor frå Pakistan,

dømt til livsvarig fengsel for blasfemi mot islam.

Brotsverk: Ho sa at Jesus lever og Muhammed er død.

 

Herre Jesus!
Fyll alle  kristne som er i fengsel for trua si med din herlegdom og med Fars glede. Må fridomen i deg bli så sterk i deira ånd at fangenskapet ikkje lenger blir så tungt å bera. Lat cella dei sit i bli ein heim, og fengslet omgjort til ein katedral. Må ditt lys skina så sterkt gjennom dei at medfangar og fangevaktarar møter deg , kjem til tru, vender om frå sine synder og blir frelst. Send englar ut for å verna dei mot stygge overgrep, og gje dei, i di tid, fridomen attende. Ver med familiane deira, hjelp dei å leggja all sut på deg, og møt og fyll alle dei behova dei har både når det gjeld ånd, sjel og kropp. Høyr og bønhøyr meg, for ditt namn skuld. Amen!

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?