Høyringssvar om endringar i trussamfunnslova
Høyringssvar
Me registrerer at regjeringa ønskjer å innskjerpa retten eitkvart kyrkjesamfunn har til å organisera seg etter si teologiske overtyding, og at ein finn gode grunnar til å ikkje utbetala «statstilskot» til kyrkjelydar med under 100, 300 eller 500 medlemmer.
Me vil gjerne påpeika at mange kyrkjelydar tolkar Bibelen slik at han pålegg dei å ha eit eldsteråd av menn som har det øvste ansvaret for undervisning og lære. Staten bør ikkje bruka tilskotsordninga som eit brekkjern for å få nokre til å endra teologi, ei heller sveltefora trussamfunn som tenkjer annleis enn staten om desse tinga. Det er udemokratisk og opplevest som brot på religionsfridomen. I teologiske spørsmål er staten ingen autoritet, og bør teia still.
Den einaste grunngjevinga me reelt sett finn for å auka medlemstalsgrensa anten til 100 eller 500 er at færre trussamfunn gjer det lettare for Statsforvaltaren å føra tilsyn med dei. Men det er sant og seia eit alvorleg inngrep med tanke på det, som etter vårt skjøn, er eit relativt lite tilsynsbehov. Ingen kyrkjer tilhøyrer staten, og såleis er dei heller ikkje forplikta på staten sitt verdigrunnlag. Likevel er kyrkjene ein del av samfunnslekamen som staten er kalla av Gud til å ta vare på. Men me registrerer no at staten er komen i amputasjonsmodus.
Kvifor tilsynsbehovet har auka på dei siste åra, er vanskeleg å skjøna så lenge kvart einaste godkjent og registrert trussamfunn kvart år sender inn rekneskap og årsmelding, og fordi me også no må svara på mange spørsmål frå Statsforvaltaren si side vedrørande likestilling og diskriminering.
Det er forstemmande for oss å registrera at regjeringa verdset personar som tilhøyrer små grupper mindre enn dei som tilhøyrer store grupper, og at dei meiner det er eit uttrykk for demokrati. Me meiner det er det motsette, for demokratiet byggjer på at alle menneske har same verdi og like rettar. Det tek ikkje regjeringa omsyn til her, men brukar makta si mot dei små for å gjera dei enno mindre.
Så er det ein ting me vil påpeika: Det som vert framført som statstilskot slett ikkje er tilskot, men refusjon av det me vil kalla kyrkjeskatt, dvs det alle norske borgarar over skattesetelen årleg betalar for å finansiera Den norske kyrkja. Dersom dette endar opp med at Kristkyrkja på Stord vert ståande utan tilskot, kjem me i den situasjon av våre medlemmer finansierer eit kyrkjesamfunn dei ikkje har sitt medlemskap i, og det er både urettferdig og diskriminerande, og det gjer dessutan livet vanskelegare for oss utan at det blir så mykje lettare for staten.
Me protesterer difor på antalskravet, både det som er i dag, og det som staten har tenkt å innføra i framtida. Det er strengt tatt ein freistnad på å frårøva ærlege borgarar rett til å disponera eigne pengar.
Kyrkjelydsrådet i Kristkyrkja på Stord