Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

januar 2023Monthly Archives

Dagens tale om bryllaupet i Kana

Familiegudsteneste søndag 29.januar

Komande søndag er du velkomen til Familiegudsteneste kl 12. Det er pastor Jens Thoresen som har hovudansvaret for denne. Forteljinga denne søndagen er «Bryllaupet i Kana» då Jesus gjorde vatn til vin, ikkje berre for å redda ein fest, men for å fortelja heile verda at han er forvandlingens store meister, at han kan forvandla den enkelte av oss, ekteskap, kyrkjelydar, arbeidsplassar, ja, heile samfunn. Dette blir stas 🙂

Nydeleg gudsteneste i dag med besøk frå Zoar, Halsnøy.


Det vart ei god stund på gudstenesta i dag. Takk til venene våre frå Zoar som leida lovsong, Otto Benjaminson (bilete) som talte og ikkje minst Marie Notland som hadde laga deilig betasuppe.

Her kan du lytta til den inderlege og lærerike talen til Otto:

 

Bibel og bøn 22.januar 2023


Tidlegare episodar finn du opp til venstre i menyen

Gudsteneste søndag 22.januar kl.12

Komande søndag kjem lovsongsteamet frå Zoar på Halsnøy for å vera med oss på gudstenesta. Då er det Otto Benjaminson som skal tala. Etter gudstenesta blir det servert eit enkelt måltid. Alle er velkomen!

 

Familiegudsteneste 15.januar

Komande søndag, den 15.januar, blir det familiegudstenste i Kristkyrkja klokka 12. Det er eldstebror Knut Arve Nordfonn som har hovudansvaret for det som skjer der. Det vil bli veldig bra for alle. Vel møtt!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?