Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

november 2020Monthly Archives

Barnegudsteneste 29.november

Søndag den 29.november blir det BARNEGUDSTENESTE i Kristkyrkja. Det blir stas, og alle er velkomen til å vera med. Gudstenesta startar som vanleg kl 11. Tema er som seg hør og bør på ein 1.søndag i advent: «Han som set fangar fri.» Det kjem til å bli kreativt. Etter gudstenesta skal me ha juleverkstad. Alle er velkomen til å vera med.

Dagens tale

Gudsteneste 22.november

Pastor Jens Thoresen

Velkomen til gudsteneste komande søndag, den 22.november kl 11. Då vil pastor Jens Thoresen tala om Jesus som skal koma attende til jorda for å døma levande og døde. Matteus 25,31-46 er rimeleg dramatisk, og Jesus heldt nok denne talen for å frelsa oss frå den evige fortapinga. Kom og ver med i verdas viktigaste fellesskap 🙂

Søndag markerer me også «søndag for forfølgde». Det passar godt inn i det me elles skal snakka om. I teksten seier Jesus til dei på si høgre side: «Eg var i fengsel, og de besøkte meg.» Mon tru om han ikkje tenkte på dei forfølgde kristne då?

Det blir samla inn kollekt som skal koma våre forfølgde søsken til gode.

Dagens tale i og med PowerPoint

http://www.mediafire.com/file/xt5zt6ximomkwt4/Tale_15.nov_2020.pptx/file

Du må lasta fila ned for å kunna sjå og høyra. Lukke til 🙂

Neste gudsteneste blir 15.november

Me arrangerer gudsteneste i dag den 15 november, og gjennomfører litt skjerpa coronatiltak.  Pastor Jens Thoresen talar over Johannes 6,47-51.  Vel møtt!

Ein bibelrefleksjon

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?