Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

oktober 2020Monthly Archives

Gudsteneste søndag 1.november med dåp

Komande søndag blir det dåp i gudstenesta. Ein stor dag for kyrkjelyden altså.  Det er to av våre flyktningevener som skal døypast denne dagen.

Tale v/pastor Jens Thoresen. Teksten er Apostelgjerningane 16,16-34, ein kanontekst.

Velkomen i Kristkyrkja kl. 11

Tale 25.oktober

Gudsteneste søndag 25.oktober

Pastor Jens Thoresen

Velkomen til gudsteneste 25.oktober kl. 11. Pastor Jens Thoresen vil tala over Matteus 5,1-11, som er innleiinga til Bergpreika. Der  definerer Jesus eit lukkeleg liv, og han skildrar korleis hans disiplar er, kva som særpregar dei, og ut frå denne teksten kan me sjå om me er på den rette vegen, eller om me har spora av.

Tale 18.oktober

Gudsteneste 18.oktober. Tema: Då døden møtte sin overmann

Søndag den 18.oktober er det Tone Reinertsen Hellesøy som skal tala i Kristkyrkja. Teksten hennar er Johannes 11 , forteljinga om då Jesus vekte opp venen sin, Lasarus, frå dei døde.  I Jesus har døden møtt sin overmann. Det er håp utover død og grav for oss alle. Vel møtt i Kristkyrkja kl. 11.

Ei bøn til dagleg bruk

Oppstadne Jesus Kristus, min Herre og min Gud! Eg lovar og prisar deg, hjarteven og frelsarmann, du som har fridd meg frå alle mine synder med ditt blod, og gjeve meg eit evig liv og ein heim i di kyrkje på jorda. Eg ber deg: Reis opp denne kyrkja di. Bevar henne i ei sann tru, fyll henne med din Ande, og leid henne ved ditt ord.
Må heile jorda minnast di liding og venda om til deg, og må alle folkeslag prisa deg.
Styrk og hjelp alle som blir forfølgde for ditt namns skuld, og gje frelse og vern til Israels land og folk. Amen!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?