Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

august 2017Monthly Archives

Bøneveke 28.-august til 1.september

Veke 35 blir det BØNEVEKE i Kristkyrkja. Då vil kyrkja vera open heile dagen for alle som vil inn å be til Gud for Stord og alle menneske som bur her, og dessutan for nasjonane og kyrkja i alle verdas land og riker.

Me vil oppmoda alle som har spesielle ting ein ønskjer Guds hjelp med om å dela desse behova med oss. Kontakttelefon: 47415864. E-post: pastor@kristkyrkja.no.

«Når mange bed, vil takka for den nådige hjelp vi får, stiga opp frå mange munnar», skriv Paulus i 2. Korintarbrev 1,11.
Det er ei enorm kraft i felles bøn. Det frårøvar vondskapens fyrste dei mektige våpena han rår over. 

Og vår Herre Jesus gjer det meir enn klårt nok at Guds rike kjem og Guds vilje sigrar når truande menneske kjem saman for å be til Gud. Det er som om bønene våre opnar eit handlingsrom for den allmektige Gud.

Tale 20. august

Knapt nokon plass finn du sterkare uttrykk for å vera ein kristen enn det du gjer i Kolossarbrevet 3,1-3. Lytt til søndagens korte tale.
http://www.mediafire.com/file/7ztpbdn7h25594v/Kol.3%2C1-3._Tale_i_Kristkyrkja_20.aug._.mp3

 

Gudsteneste søndag 20.august

Komande søndag, den 20.august, er alle velkomen til gudsteneste kl. 11. Då vil pastor Jens Thoresen tala over Kolossarbrevet 3,1-4, ein rasande interessant tekst som hjelper oss å snu ryggen til alt det denne verda kan tilby oss, og orientera liva våre mot Gud.

Pastor Jens Thoresen

Bibelrefleksjon 14.juni

http://www.mediafire.com/file/vu8na89o43uhrdt/Lukas_1%2C32.mp3

Dagens bibelrefleksjon

http://www.mediafire.com/file/1ld9duse4byqy6u/Lukas_1%2C30-31.mp3

Gudsteneste komande søndag

Denne søndagen, den 13. august, er det Marit Helene Aas som skal tala på gudstenesta. Temaet hennar er kort og godt: «Pris Herren, for han er god, evig varer hans miskunn», og DET er litt av ein godbit :).  Elles vert det kyrkjekaffi og sosialt fellesskap etter gudstenesta.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?