Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

februar 2018Monthly Archives

Gudsteneste 4.mars kl 11.

På gudstenesta søndag vil Marit Helene Aas tala over emnet: «Og dei heldt seg trufast til læra åt apostlane…», eit tema henta frå Apostelgjeringane 2,42.  Elles blir det korsong, lovsong,  søndagsskule, nattverd og forbøn. Vel møtt med heile familien til eit varmt og styrkande fellesskap.

Ole Petter Livden talar på gudstenesta søndag

På gudstenesta komande søndag får me Ole Petter Livden på besøk. Ole Petter Livden er ein herleg fyr frå Bergen som for tida jobbar i Åpne Dører. Me har all god grunn til å gle oss til å møta og lytta til denne mannen. Vel møtt til alle søndag kl.11.

Tale i Salem 11.februar. Emne: Å leva med Gud i kvardagen

Veldig kjekt og inspirerande å vera i lag med indremisjonsfolket i Salem på Moster på føremiddagsmøte i dag. Flott forsamling i eit moderne, stort og tenleg hus. Pastor Jens Thoresen talte om å leva med Gud i kvardagen, og denne talen kan lasta ned og høyra ved å klikka på linken under bilete. 

http://www.mediafire.com/file/mgbdscyg6nixag5/J._Thoresen._%C3%85_leva_med_Gud_i_kvardagen._Salem_11.feb_2018..mp3

Gudsteneste i Salem på Moster 11. februar

Søndag 11.februar reiser Kristkyrkja på besøk til Salem på Moster. Der skal pastor Jens Thoresen tala om «kvardagskristendom». Alle som har lyst å vera med, er velkomen til det. Om nokon treng hjelp å finna fram, køyrer med frå Texaco på Heiane kl. 10.20. Vel møtt i Salem klokka 11.

Sterk gudsteneste i dag med flott tale og song av Håkon C Hartvedt.

Håkon C Hartvedt heldt ein rivande god tale i Kristyrkja i dag. DEN bør du ta deg tid å lytta til. Klikk på linken under. Han gjekk oppover i høgda, utover i breidda og så begynte han å bora i djupna. Det var openberring. Dessutan song han nokre av dei fine songane sin for oss. God mat i alt 🙂

http://www.mediafire.com/file/e78vq71j6woblmv/H%C3%A5kon_C_Hartvedt._4._februar_2018.mp3

Så hadde me minnestund. Mor til Nazani døydde for ei veke sidan i Masshad i Iran. Det er langt borte. Nazani og familien kunne ikkje reisa i gravferd. Så me laga til ei minnestund på gudstenesta i dag. Mange av oss møtte Massomeh då ho var her sist sommar. Ei fin og uvanleg god dame. Her kan du lesa bøna me bad i dag:

Masomeh, minnestund

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?