Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

september 2019Monthly Archives

Roy Godwin til Stord 13.oktober. Møte på Stord ungdomsskule kl 18.00

Roy Godwin er blitt kjent i Noreg dei siste åra m.a. gjennom dei årlege OASE-stevnene. Han og kona driv det kristne retreatsenteret Ffald y Brenin i Wales, ein plass på jorda der Gud er merkbart nær, ein plass der folk møter Gud og der det skjer under.

 

Dette ber me om i dag

24.september 2019

Broder Yuns tale på Stord 21.september

Gudsteneste søndag 29.september

På gudstenesta komande søndag vil du ha gleda av å lytta til Tone Reinertsen Hellesøy som skal tala om det 6.bodet: «Du skal ikkje bryta ekteskapet!» Knapt nokon av Guds bod blir brote så ofte som dette, og mange bryr seg lite og ingenting om det. Men Gud meiner alvor med boda sine, og difor må me snakka om dei og trenga inn i kva Gud meiner med det han her seier.

Etter gudstenesta skal me ha kaffi og noko godt å bita i.

VELKOMEN MED ALLE DINE  I KRISTKYRKJA KLOKKA 11  🙂

 

 

Sterk kveld med Den himmelske mann

 

Dei som tok turen til Leirvik bedehus i ettermiddag for å høyra på broder Yun, den himmelske mann, vart ikkje skuffa. Dei møtte ein kineser i storform som forkynte om Jesu kjærleik på ein måte som ein sjeldan får oppleva, ein bodskap fødd i stor smerte. I Kina i dag blir 1 million menneske kristne kvar månad. Den kristne vekkinga som rullar over denne nasjonen no har ingen make i kyrkjehistoria. Broder Yun er eit barn av denne vekkjinga, og ber preg av det.

Men det handla ikkje berre om broder Yun. Broder Ren, som m.a. er tolk for broder Yun, administrerer eit stort misjonsarbeid i mange asiatiske land, og han kunne fortelja at undergrunnskyrkja i Iran veks med ein årleg prosentrate på 20, og høgare kyrkjevekst finn du ingen stader i verda når me reknar i prosent. I dag er det rundt 2 millionar truande kristne i Iran. Då den islamske revolusjon råka landet i 1979 var dette talet nesten null. «Når eit land vert utsett for ein revolusjon, går Gud ved sida av dei revolusjonære og skaper sin eigen revolusjon», sa broder Ren nærast som eit mantra.

Me håpar å få ei lydfil av broder Yuns tale på lufta om få dagar 🙂

 

Bønn og ettertanke

15.september 2019

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?