Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

august 2019Monthly Archives

Gudsteneste søndag 19.august

Komande søndag blir det gudsteneste kl.11. Då er det Knut Arve Nordfonn som skal tala om det andre av dei ti boda, det som i vår lutherrske tradisjon heiter «Du skal ikkje misbruka Herren, din Guds namn!»

Etter gudstenesta vert det kyrkjekaffi og sosialt fellesskap.

VEL MØTT!

Bønedag for Stord

I samband med Pride-paraaden på Leirvik 11. august, vil Kristkyrkja vera open for folk som vil be for Stord, og for Noreg, frå klokka 10 og ut heile dagen.

Gudsteneste 11.august

Image result for de ti bud steintavler 11.august har me første gudsteneste etter sommarferien. Denne hausten vil me starta med å undervisa om dei ti boda. Denne guddommelege lova ser me på som livsens Grunnlov for alle menneske, og dessutan som ei  alle nasjonale grunnlover si Grunnlov. Det var Gud som gav Israelsfolket desse boda, og han skreiv dei med sin eigen fing på to stetintavler. Dei var ei oppsummering av hans gode vilje, ikkje berre for israelittane, men for alle menneske. Guds lov er livsens lov. Å følgja dei gjev stor løn. Bryt med dei, endar me på kollisjonskurks både med Gud og kvarandre. Det er øydeleggjande for den enkelte og for samfunnet.

Søndag vil pastor Jens Thoresen tala om det første av dei ti boda: «Du skal ikkje ha andre gudar enn meg!»

Vel møtt til gudsteneste søndag kl 11.

Evangeliseringsveke 5.-9.august

Ein flott gjeng med ivrige evangelistar frå ein laurdag i fjor

På mandag startar årets evangeliseringsveke. Alle som har lyst å vera med å ta Jesus med ut på gata til folket, er velkomen til det. Me møtest i Kristkyrkja kl 10 (bøn og anna førebuing), og satsar på å vera på gata frå 11 til 14. Me har med oss evangeliseringslitteratur, traktatar, teiknetavle, kaffi, kaker, bord og stolar. Dette er både spennande og lærerikt. Be no i forkant av aksjonen at me skal møta mange som er positivt interessert, at Gud skal leida oss og gje oss rette ord, at Guds kraft skal vera over oss, at Guds fred skal vera med oss og hans kjærleik strøyma ut frå oss. Kanskje dei av dykk som ikkje har høve til å vera med, kan vera med i bøn?

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?