Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

mai 2017Monthly Archives

Friluftsgudsteneste 5.juni på friluftsområdet ved Sæbø gard

Gudstenesta som opprinneleg vart sett opp søndag 4. juni, blir flytta til måndag (2.pinsedag) 5. juni, og då møtest me på FRILUFTSOMRÅDET VED SÆBØ GARD KLOKKA 12 (merk tida), så sant været tillet det. Elles blir det gudsteneste i kyrkja, som vanlegmen då også klokka 12.

Det er Knut Arve som skal tala.

Det blir grilling og sosialt fellesskap etter gudstenesta.  VEL MØTT!

Dagens tale ut frå Johannes 14,15-26

http://www.mediafire.com/file/6tfihc41ly7j0ha/2017.28.05._Joh.14%2C15-26._J._Thoresen.mp3

Gudsteneste søndag 28.mai

Pastor Jens Thoresen

Du er hjarteleg velkomen til gudsteneste søndag 28.mai kl. 11.
Pastor Jens Thoresen vil tala over emnet: «Elskar de meg, held de boda mine!» Dette er ord frå Jesus, og dei er veldig aktuelle, sanne og inspirerande. Det er naturleg for kristne å halda Guds bod, ja, dei likar det, fordi dei likat Gud. Folk som ikkje likar Guds bod, likar heller ikkje Gud. Det ligg i sakas natur. Det er dei som elskar Jesus som har lovnad om å få Guds Heilage Ande. Då blir det som er bra, endå betre.

Vel møtt. Det blir søndagsskule for barna, lovsong og nattverd.

Nokre biletinntrykk frå Solgryhelga

John Ruben, Isak, David og Jonas på kanotur

 

Under talentiaden var det denne fine gjengen som tok prisen då dei song «Vestlandet».

 

I år, som i fjor, var Kristin Sundfør talentiadesjef, ei rolle og fiksar meisterleg.

 

Kraftig og engasjert
ung lovsong

 

Dette er truleg Juliana bak rattet

 

Pastor Jens på rotur med småttisane

 

Ein ny fantastisk weekend på Solgry der me fekk sjå Guds gjerningar skje midt mellom oss.

Me bad i forkant av denne helga: «Gud lat oss få sjå deg og dine gjerningar!» Og me fekk svar. To bestemte seg for å følgja Jesus, ein vart meir glad i Jesus og ein vart fri frå smerter i føtene sine etter forbøn. Folk var i godt humør, og det var skikkeleg god stemning på alle arenaer frå start til slutt.

Ein av talane vart teke opp med suksess. Den vart halden av Elin Mosevoll laurdagskvelden, og handla om sanning og løgn. Den var berre SKIKKELEG god, og bør lyttast til av alle som ikkje fekk han med seg. Her er den:

http://www.mediafire.com/file/tc7cxja8x4wym96/Elin_Mosevold_20.mai._Solgry.mp3

Elin Mosevoll er frå Osterøy, men har tidlegare vore medlem i Kristkyrkja på Stord.

Tale av Marit H Aas 14 mai. Lukas 24,44-52

http://www.mediafire.com/file/6ui5j912hmwz4pm/Marit_Aas._Lukas_24%2C44-52.mp3

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?