Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Du er verdig mitt liv

Herre Jesus Kristus! Du bar verdas synd med deg ned i det store mørkret, i helvetes pine, for vår skuld, for mi skuld, og sona den straffa me alle hadde fortent.  Difor er himmelen å finna i deg, og berre i deg. Du er verdas lys, for i deg er Guds lys. Utanfor deg er alt mørkt.

Difor vil eg æra, prisa og lova deg, du Guds einborne Son, min Herre. Du er verdig min lovosng, du er verdig mitt liv. Ta meg inn til deg, og reins meg frå alt som hindrar ditt verk i meg. Gje meg synet tilbake slik at eg kan sjå deg i din herlegdom. Fyll meg med Anden din, leid meg og bruk meg til di ære og til folks frelse og velferd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?