Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

november 2021Monthly Archives

Neste gudsteneste blir den 5.desember, 2.søndag i advent.

Då er alle velkomen til ei familievenleg gudsteneste. Me fordjupar oss for tida i Jesu lækjedomsteneste, og teksten denne søndagen blir Matteus 8,1-13.

Gudsteneste 21.november

Komande søndag er du igjen velkomen til gudsteneste i Kristkyrkja kl. 11. Teksten for dagen er Markus 2,1-11. Me kjem framover til å fokusera på Jesu lækjedomsunder. Denne sida av hans teneste var formidabel. Store deler av dagane hans gjekk med til å tena dei sjuke. Dette var ikkje noko han reklamerte med. Tvert om. Det berre vart slik fordi jungeltelegrafen fungerte så bra, då som no. Med tanke på at kyrkja er Kristi kropp, er det underleg at me ikkje brukar meir tid på denne tenesta, og ved å snakka om dette, trur eg det kan koma til ei endring. Vel møtt på søndag. Det blir ei gudsteneste som kjem til å passa godt for barn

Gudsteneste 14.november.

Komande søndag blir det gudsteneste kl 11. Då blir forteljinga om Sakkues i Lukas 19 utgangspunktet for talen. Sakkeus hadde blitt biten av ein lidenskap: Han berre MÅTTE sjå Jesus. Men det han fekk erfara vår langt over alle forventningar. Denne enkle forteljingar han mange gode poeng som høver både for små og store.

Vel møtt i fellesskapen.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?