Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Sterk kveld med Den himmelske mann

 

Dei som tok turen til Leirvik bedehus i ettermiddag for å høyra på broder Yun, den himmelske mann, vart ikkje skuffa. Dei møtte ein kineser i storform som forkynte om Jesu kjærleik på ein måte som ein sjeldan får oppleva, ein bodskap fødd i stor smerte. I Kina i dag blir 1 million menneske kristne kvar månad. Den kristne vekkinga som rullar over denne nasjonen no har ingen make i kyrkjehistoria. Broder Yun er eit barn av denne vekkjinga, og ber preg av det.

Men det handla ikkje berre om broder Yun. Broder Ren, som m.a. er tolk for broder Yun, administrerer eit stort misjonsarbeid i mange asiatiske land, og han kunne fortelja at undergrunnskyrkja i Iran veks med ein årleg prosentrate på 20, og høgare kyrkjevekst finn du ingen stader i verda når me reknar i prosent. I dag er det rundt 2 millionar truande kristne i Iran. Då den islamske revolusjon råka landet i 1979 var dette talet nesten null. «Når eit land vert utsett for ein revolusjon, går Gud ved sida av dei revolusjonære og skaper sin eigen revolusjon», sa broder Ren nærast som eit mantra.

Me håpar å få ei lydfil av broder Yuns tale på lufta om få dagar 🙂

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?