Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Oddvar Søvik til Stord for å snakka om likklede i Torino 30.april

30.april kjem Oddvar Søvik, mangeårig prest og Frikyrkjepastor til Stord kyrkje for å halda føredrag om det mest studerte og omdiskuterte objektet som eksisterer: Likkledet i Torino. Likklede stammar frå Mist-Austen og er om lag 2000 år gamalt, det er flortynt og har eit fotografisk avtrykk av ein mannsperson som heilt tydeleg har vore torturert og krossfesta, og på panna hans er det merke etter skade frå spisse tornar. Er dette Jesu likklede? Mange ting tyder på det. Eigentleg er bilete i negativ, og det positive bilete som du ser over, kjem fram når ein fotograferer bilete på nytt og framkallar det. Den nye negativen vert då positiv, og slik kjem denne mannens ansiktstrekk klårt til syne.  Men sjølve klede har eit negativt bilete av personen, og det spesielle er at han er avbilda heilt rundt i og med at liket har vore sveipt i kledet.  Korleis kan det ha skjedd? Det eksisterer ikkje noko som dette i heile verda, det er heilt unikt. Er avtrykket kome som eit resultat av sterkt lys i samband med at Jesus vart levandegjort påskemorgon? Dette er ein rasande interessant historie. Her møtest tru og vitenskap, og DET er eit spennande møte.

Oddvar Søvik er ein av dei som veit mest om dette likklede her i landet, og han vil gje deg ein kveld du aldri gløymer.
Vel møtt i Stord kyrkje tysdag 30.april klokka 19.

Les meir om likklede på www.torinokledet.no

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?