Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Sterk gudsteneste i dag med flott tale og song av Håkon C Hartvedt.

Håkon C Hartvedt heldt ein rivande god tale i Kristyrkja i dag. DEN bør du ta deg tid å lytta til. Klikk på linken under. Han gjekk oppover i høgda, utover i breidda og så begynte han å bora i djupna. Det var openberring. Dessutan song han nokre av dei fine songane sin for oss. God mat i alt 🙂

http://www.mediafire.com/file/e78vq71j6woblmv/H%C3%A5kon_C_Hartvedt._4._februar_2018.mp3

Så hadde me minnestund. Mor til Nazani døydde for ei veke sidan i Masshad i Iran. Det er langt borte. Nazani og familien kunne ikkje reisa i gravferd. Så me laga til ei minnestund på gudstenesta i dag. Mange av oss møtte Massomeh då ho var her sist sommar. Ei fin og uvanleg god dame. Her kan du lesa bøna me bad i dag:

Masomeh, minnestund

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?