Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

august 2017Monthly Archives

Dagens bibelrefleksjon

I Lukas 1,26ff les me om at engelen Gabriel som kom til med bod frå Gud til Maria møy. Denne forteljinga inneheld mange viktige element. Her er den første av fleire korte bibelrefleksjonar om dette møtet.

http://www.mediafire.com/file/nvenugffyhyz9o7/2017_08_08._Lukas_1%2C26-29.mp3

Disippelfirkanten. Tale (revidert) 6.august 2017

http://www.mediafire.com/file/uk97x7d724b7oub/Lukas_18%2C18-23._Firkanten.mp3

Evangeliseringsveke

Mandag 7. til fredag 11. august konsentrerar me oss om å vinna menneske for Jesus.

Me skal vera saman ute på gata og bemanna stand med bøker, traktatar, hefter, kaffi og kaker. Ingen skal vera åleine. Me er alltid minst to i lag.

Målet er å få prata med folk om Jesus og få velsigna dei på så mange måtar som mogeleg.

Har du lyst å vera med? Meld deg på. Ring 47415864, eller bruk mailadressa: pastor@kristkyrkja.no

Evangeliseringsavisa me skal nytta kan du lesa HER: Tenk, tru og lev

Gudsteneste søndag 6. august

Ein god månads ferie er til ende.

Komande søndag startar me med haustens gudstenester, og med alt anna for den saks skuld :).

Denne hausten vil me jobba veldig bevisst med DISIPPELSKAP. Å vera ein kristen er på ingen måte identisk med å vera ein disippel. Ein disippel er ein person som dagen lang er fokusert på å hjelpa bortkomne menneske attende til Gud, for så å fostra dei (disippelgjera dei) til sjølve å bli menneskefiskarar.

Dette er eit ekstremt spennande og høgst naudsynt tema å løfta fram og begynna å leva i. Det er pastor Jens Thoresen som talar på søndag.

Velkomen i Bjellandsvegen 51 søndag kl. 11.

 

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?