Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Bøneveke 28.-august til 1.september

Veke 35 blir det BØNEVEKE i Kristkyrkja. Då vil kyrkja vera open heile dagen for alle som vil inn å be til Gud for Stord og alle menneske som bur her, og dessutan for nasjonane og kyrkja i alle verdas land og riker.

Me vil oppmoda alle som har spesielle ting ein ønskjer Guds hjelp med om å dela desse behova med oss. Kontakttelefon: 47415864. E-post: pastor@kristkyrkja.no.

«Når mange bed, vil takka for den nådige hjelp vi får, stiga opp frå mange munnar», skriv Paulus i 2. Korintarbrev 1,11.
Det er ei enorm kraft i felles bøn. Det frårøvar vondskapens fyrste dei mektige våpena han rår over. 

Og vår Herre Jesus gjer det meir enn klårt nok at Guds rike kjem og Guds vilje sigrar når truande menneske kjem saman for å be til Gud. Det er som om bønene våre opnar eit handlingsrom for den allmektige Gud.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?