Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Ære og skam! Tankar om Stord Pride 15.september. Av pastor Jens Thoresen

Eg kvir meg til å skriva dette innlegget. Mange vil mislika det, og nokre bli sinte. Det får våga seg.

15.september skal det vera Pride-parade på Stord, og Gud sørgjer. Ikkje fordi han er fornærma, men fordi han elskar oss, og fordi han veit at det einaste som kan gjera oss lukkelege er at me følgjer han og er lydige mot hans bod.  Men no hyttar me knyttnevane våre mot han, og bed han om ikkje å blanda seg inn i liva våre. Me trur at vår seksualitet er vår eigen. Men ingenting er vårt. Alt er hans. Tenk om Gud skulle ta oss på alvor og overlata oss til oss sjølve? Ein dag vil me alle ha desperat behov for hans intervensjon i livet. Kvifor skulle han høyra på oss når me ikkje vil høyra på han?

Kva er vår ære? Det at Gud elskar oss.
Kva er vår skam? Det at me ikkje elskar Gud, og ikkje vil lytta til han og innretta liva våre etter hans dyrebare ord.

Eg, og mange med meg, ber dagleg for Stord og alle som bur her, om lækjedom for sjuke, styrke for svake, om frelse for syndarar, om lys for alle som har det mørkt, om trøyst for dei som sørgjer og mangt anna. Laurdag ber eg: «Herre, miskunna deg over oss!»

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?