Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Eivind FrøenTag Archives

Ein kveld med kraftig forkynning og sterk fellesskapsfølelse

Eivind Frøen talte ut frå Salme 32 om kva skuld er, kor viktig det er å bli kvitt skuld og korleis det kan skje. Trykk på linken over og lytt. Det er tida verd.

Det var ganske fullt i forsamlinga i kveld

 

12.-14. januar: INSPIRASJONSHELG MED EIVIND FRØEN

12.-14. januar blir det inspirasjonshelg med Eivind Frøen. Møtene blir haldne i Frelsesarmeen sine lokaler i Vidstensvegen 2. Det er Kristkyrkja, Stord Bibelsenter, Den Frie Evangeliske Forsamling og Frelsesarmeen som står som arrangørar av desse spennande møtene.

Eivind Frøen er ein fantastisk fin fyr, ein strålande forkynnar . Gjennom mange, mange år har han reist i Asia, svært mykje i Kina, og inspirert kristne både i offisielle kyrkjer, og i kyrkjer som pga forfølging har sett seg nøydde til å gå «under jorda». Han har på denne måten erfaringar og opplevingar som få andre, og dette gjer han ekstra interessant å lytta til. ALLE bør få desse møtene med seg.

Godt nytt januar 2018. Siste utgave.  Klikk på linken og les KAMPANJEAVISA med fantastiske vitnemål om Guds frelse, omsorg og makt.

 

Program for inspirasjonshelga:

Fredag kl. 19.30: Møte
Laurdag kl. 11-14: Seminar i to delar med pause og forfriskningar mellom. Barnepass.
Laurdag kl. 19.30: Møte
Søndag kl. 11: Gudsteneste med nattverd og søndagsskule.

VEL MØTT!

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?