Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Sommarevangelisering dag 2

Dag to av Kristkyrkja si sommarevangelisering. Sjølv om det er lite folk på Leirvik, får me gode samtaler, og både i dag og i går har me bedd for folk som går rundt med smerter og sorg. Bøker blir selt, traktater utdelt, og elles blir folk traktert med vafler og kaffi. I morgon møter me opp igjen. Dersom du kjenner for det: be for oss at me skal nå inn til folk med evangeliet slik at dei tek imot Jesus. Som evangelistar treng me Andens keaft og utrustning. Be om det.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?