Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste 8.januar. Håpets Gud!

Pastor Jens Thoresen

Tema for denne søndagen er «det kristne håpet». Me har alle forhåpningar til 2023. I det store bilete håpar me på fred i verda, at dei store konfliktane kan avblåsast og at ting kan normaliserast. Det er lov både å håpa på og be om det. På personleg plan kan det vera andre ting me håpar på: god helse, ein studieplass, ja på eit frieri, fred i heimen osv.Vel, ingenting av dette er sjølvsagt. Det kan vera at slike håp ikkje blir oppfylte, men går du til Jesus Kristus med forhåpningane dine, auka sjansane for suksess.

Og så er det slik at nesten alle håpar på eit evig liv i himmelen etter døden. Men skal dette håpet realiserast, må me tru på Jesus. For han er den einaste vegen til Far og farshuset. Jesus inviterer oss til å følgja seg der han går, og følgjer me han, går me trygt mot farshuset sjølv om vegen han fører oss kan vera smal og kronglete.

Som kristne har me eit anna håp som ingen andre har: Me håpar på kristen vekking, på at folk skal oppdaga Jesus, at dei skal forstå at dei utan Jesus står i ein tapt stilling (for å låna eit uttrykk frå sjakkverda) og at det berre er gjennom han dei kan koma til Gud, få evig liv og bli frikjente i den store dommen som kjem. Det håpar me på for 2023, som me gjorde det for 2022. Men ein dag skjer det, og då vil skarar av menneske vil koma til Kristi kyrkje og Jesu kross for å kasta av seg syndene sine og starta på eit liv i rettferd etter Guds standard.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?