Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Herleg helg saman med vener frå Open Air Campagners

Laurdag hadde me ein strålande dag  saman med Eunice, Tobias og Hartvig frå Open Air Campagners. Først tre timar på torget med kreative evangeliepresentasjonar og gode samtaler med forbipasserende folk. Så tur til Moster for å sjå kor det heile starta for over 1000 år sidan. Det er lenge sidan Olav Tryggvason steig i land på Moster med si nyvunne tru, og metoden for breia ut trua i vår tid er naturlegvis heilt annleis enn i vikingtida. No er det berre Guds ord og Den heilage ande som gjeld. Men det skal vera meir enn nok. Når folk får høyra Ordet, kjem Anden og overtyder dei om at det dei høyrer er sant. Me erfarte det under mange samtalar med folk som me fekk kontakt med.

 

 

 

 

Eunice som forklarar evangeliet veg hjelp av eit tautriks

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her deler Tobias evangeliet ved hjelp

av talmagi.

Her er det fleire bilete frå helga, m.a. frå den fantastiske turen me hadde til Moster

OAC-helg aug 2022 bilete

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?