Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Nettmøte palmesøndag kl 11

Pastor Jens Thoresen

Komande søndag er det palmesøndag. Me kan enno ikkje invitera til gudstenestefellesskap, men som plaster på såret kan du lytta til dagens tale direkte på Facebook kl 11. Predikant er pastor Jens Thoresen, og han vil tala over dagens tekst som er Johannes 12:12-26, om då Jesus reid inn i Jerusalem. Denne hendinga markerer starten på ei veke som enda med Jesu død på krossen. Jesus vart hylla på palmesøndag, men han kunne nok ikkje sjølv sleppa gleda laus. Han visste kva som låg framfor han. Likevel er denne dagen viktig av mange grunnar. Den markerer at Jesus ein dag skal koma attende til byen sin, at han er Messias, Israels konge og at Jerusalem er hans eigen by på jorda, samt mange, mange andre ting. Lytt og få det med deg. Alt handlar om Jesus. Han er navet til historias hjul. Av han, ved han og til han er alle ting.

Du kan også senda inn bøneemner til denne sendinga, så vil me be saman om at gode ting skal skje.

Send bøneemnene til pastor@kristkyrkja.no

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?