Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste 20.oktober. 7. bod: «Du skal ikkje stela!»

Når folk stel, er årsaken omtrent alltid VANTRU. Ein tjuv trur han/ho må sørga for seg sjølv, skaffa seg lukke sjølv, skaffa seg materiell tryggleik eller overflod sjølv osv. Men dette er ei stor djevelsk løgn. For den Gud me trur på ber namnet  JAVEH JIREH, Herren, vår forsørgar. Han gjev oss ikkje berre det me treng, men alt i overflod. Ja, han velsignar oss på ein slik måte at me tilfredse og lukkelege kan proklamera som David i Salme 23: «Eg manglar ingenting!»

Då Gud gav oss sine lover, var det for at me skulle leva gode liv, og forat samfunnet skulle bli godt å leva i. Og alle som følgjer hans lover, erfarer hans enorme velsigning. Eit samfunn der folk ikkje kan stola på kvarandre er ufyseleg. Då blir resultatet høge murar med glasbrot på, fiendskap, hat og alle mistenkjer kvarandre for alt mogeleg. Slik er det i mange land i dag.

Og enno meir: Den gode Gud forbyr oss å stela, ber han oss samstundes leva som rause menneske, som gjevarar, folk som fyller andre sine behov, og jo meir me lever slik, jo meir fyller han på hos oss.

Velkomen til meir godt undervisningsstoff om emnet på søndag , og Gudstenesta startar som vanleg kl. 11.

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?