Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste søndag 17. februar, Såmannssøndagen

Søndag blir det gudsteneste  for heile familien kl 11.  Talar: Pastor Jens Thoresen. Tema for gudstenesta blir  «Ein såmann gjekk ut for å så…..». Bibelen er Guds ord. Dette ordet er livgjevande og skapande. For oss er to ting viktige: At me tek imot Guds ord på ein rett og skikkeleg måte, og deretter at me sår det ut med raus hand. Dette skal me snakka om på søndag. Og så skal me ta opp ein kollekt til Det norske bibelselskapet. Dei gjer eit imponerande og viktig arbeid over heile verda, og i år er det snakk om å støtta bibelspreiing på Cuba. Vel møtt!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?