Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Me startar Agenda 1

Tysdag 4. desember kjem Anne Kristin Bruns, Egil Elling Ellingsen, Daniel Miles og Trygve Maldal på besøk til oss for å informera om og starta opp med Agenda 1 lærefellesskap i Sunnhordland. Dei kyrkjelydane som så langt har synt interesse er forutan Kristkyrkja på Stord, Stord Bibelsenter, Sion Moster, Salem Moster og Kristent Fellesskap Bømlo.

Agenda 1 er eit utviklingsprogram med tanke på å gjera kyrkjelydane misjonale. Det handlar om å vinna menneske for Gud og fostra dei til å bli disiplar med menneskefiskarkompetanse.

Her er ein PowerPoint-presentasjon som skisserer opp dei fundamentale tinga vedrørande Agenda 1. Følg linken: https://drive.google.com/file/d/1V5EUhHF8zheWOIoBKep4wxqHdKXFXJrR/view?usp=sharing

Du kan også ta ein titt på nettsida til Agenda 1: www.agenda1.no

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?