Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Vellukka fakkeltog og temamøte

Rundt 200 menneske gjekk i fakkeltog for dei fofølgde i går kveld. Hovudtalar ,Tim Peters, sa at han var imponert over at ein by med under 20 000 innbyggjarar kunne stilla med så mange i tog for denne saka. Tim bur i Seoul. Der er det 15 millionar menneske, mange kristne, men å samla 200 menneske for dette føremålet kunne han ikkje ha klart.

80% av alle menneske i verda bur i land der menneskerettsbrot er heilt vanlege overfor minoritetsgrupper. Dei fleste som er utsette er kristne

 

Lisa Winter frå Stefanusalliansen heldt appell på torget der ho fokuserte på enkeltmenneske som vert utsette for forfølging pga trua si.

 

Tim Peters fortalde frå arbeidet sitt i med nordkoreanske flyktningar i Kina. Dei blir svært fort offer for menneskehandel om dei ikkje blir arrestert, eller får hjelp til å koma seg vidare.  Helping Hands Korea driv på med å plukka opp desse stakkars menneska og få dei til Sør-Korea via Thailand eller Mongolia. For få timar sidan vart ei gruppe på ti nordkoreanske flyktningar arresterte av kinesisk politi, og dei vil snart bli sendt attende til fangeleirar og tortur.

Tim Peters kunne dela heilt ferske nyhender med forsmalinga om den totale mangel på trusfridom i Nord-Korea, og korleis regimet i landet fører ein politikk som påfører befolkninga svolt og underernæring.

 

Heidi Rolfsnes leida lovsong glimrande saman med Britt Kristin Ladehaug.

 

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?