Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Inspirasjonshelg med Martin Cave 24.-26.mars

Komande helg går Stord Indremisjon og Kristkyrkja saman om å arrangera INSPIRASJONSHELG med pastor Martin Cave frå IMI-kirken i Stavanger.

Martin Cave blir rekna for å vera ein av dei mest betydningsfulle kristne leiarane i Noreg. Under hans leiing har IMI-kirken vakse og utvikla seg til ei føregangskyrkje når det gjeld ungdomsarbeid,  evangelisering, kyrkjeplanting, misjon, diakoni, flyktningearbeid og bruk av dei åndelege gåvene. T.d. er det mange unge menneske, også her frå Stord, som har fått sitt første seriøse møte med Gud under eitt av dei årlege IMPULS-arrangementa i IMI-kirken, og gjennom ACTA-bibelskule har mange av dei også fått sett kursen for resten av livet.

Martin Cave har ein lys, munter, jordnær og optimistisk tone når han underviser, noko som attspeglar seg i ein setning han gjerne repeterer: «Denne verda har ikkje sagt nei til Jesus, ho veit berre ikkje korleis han ser ut!»

Dei siste åra har IMI-kirken også inspirert mange kyrkjelydar i Noreg til å setja av ei veke i året til å gå ut saman for å syna godheit mot folk i nærmiljøet. Også her på Stord har me i to år hatt ei slike «Godheitsveker», og tilbakemeldingane i så måte har vore overveldande positive.

Denne helga vil Martin Cave fokusera mykje på Jesu person, korleis HAN synte godheit mot dei menneska han møtte på sin veg, og kor privilegerte kristne er som får ha Gud som ven.

Fredag og søndag blir møtene i Leirvik bedehus med møter på kveld og ettermiddagstid. Laurdagen blir me i Horneland bedehus. Då blir det seminar om «Godheit» om føremiddagen, og elles møte om kvelden.

Alle er hjarteleg velkomen til å vera med på desse møtene som elles vil bli prega av lovsong og begeistring.

PROGRAM

Fredag: Møte i Leirvik bedehus kl. 19.30

Laurdag: To undervisningar  om «Godhet» kl 11-14 med lunsj (kjøttsuppe) mellom øktene.
19 30: Møte. Laurdag blir alle møtene på Horneland bedehus

Søndag: Familiemøte i Leirvik bedehus kl. 16

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?