Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste 5.mars. Tema: «Lys og salt»

Søndag er du hjarteleg velkomen til gudsteneste kl. 11.

Tema for talen er henta frå Matteus 5 der Jesus seier til disiplane sine at dei verdas lys og salt. DET er sterke uttrykk. Lys, fordi dei openberrar Gud for menneska, salt, fordi dei bringer Gud tett innpå alle menneske som dei er saman med.

Dette bli ein spennande tale der utgangspunktet blir: Kvifor voks kyrkja frå 25000 i år 100 til 20 millionar i år 300 e.Kr. ? Kva var løyndomen? Svaret ligg i det enkle ordet MULTIPLIKASJON. På tida merka stadig nye menneske at Gud og hans rike var komen til verda rett og slett fordi både den enkelte kristne og den enkelte kyrkjelyden multipliserte seg. Det var ein KULTUR for dette.

Kom og høyr meir på søndag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?