Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

oktober 2016Monthly Archives

Helgeprogram

thor-helge-ligardLaurdag: Bibelseminar med Thor Helge Ligård
Søndag: Gudsteneste og TV-innsamlingsaksjon

På laurdag er me inviterte til Stord Bibelsenter for å vera med på seminardag om bibel og bøn.

Dei får bersøk av Thor Helge Ligård. Han er no busett i USA, men reiser visstnok i mange land og forkynner Guds ord.
Seminaret startar 11 og varer til 15.
Den første delen vil han snakka med oss kvifor me har god grunn til å stola på Bibelen.
Så blir det ein pause med litt mat. Etter pausen snakkar han om korleis me kan leva nær til Gud.
Begge tema er viktige, og dei heng saman. Håpar mange har lyst å vera med.

jens-7Søndag blir det GUDSTENESTE i Kristkyrkja i Bjellandsvegen 51 på vanleg måte. Nils Jonas Sætre skal takast opp som ny medlem. Det er kjekt. Det blir tale av pastor Jens Thoresen.

tv-innsamingsbosseEtter gudstenesta skal me vera med på TV-innsamlingsaksjonen og gå med bøsser.
Så langt er det fire som har sagt ja til å vera med. Me treng fleire. Så meld deg på.

Programopplysningar

Søndag 16.oktober blir det ingen gudsteneste i Kristkyrkja.

Laurdag 22. og søndag 23. oktober blir det fellesmøter med Stord Bibelsenter i Borggata. Me kjem attende med programopplysningar.

Oppbyggjeleg gudsteneste søndag på påfølgjande fjelltur

På gudstenesta søndag talte pastor Jens Thoresen over Filipparbrevet 4,4-7, der hovudpoenget er å kvitta seg med bekymringane sine.

http://www.mediafire.com/file/9h33qlv7kzt8aql/2016_9.okt._J.Thoresen_Filipparbrevet_4%2C4-7.mp3

Etter gudstenesta bar det til fjells. Vel, kanskje ikkje. Me hamna på Lundarstølen. Langt nok det for nokon.

dsc00779

Gudsteneste 9.oktober. Tema: Korleis bli kvitt bekymringar?

Jens, profilSøndag 9. oktober tek me opp spørsmålet: Korleis kan me bli kvitt bekymringane våre? Dette er den endelege avslutninga på gjennomgangen av Filipparbrevet for denne gongen. Gud øsnkjer av me skal leva bekymringslause liv, det er vårt privilegium å kunna gjera det. Men for å få det til, må me følgja oppskrifta som Gud har gjeve oss i Filipparbrevet 4,4-6 og Matteus 6,25-34.

Det blir ei enkel gudsteneste i morgon med lovsong, tale og nattverd. Vel møtt i Bjellandsvegen 51 kl 11.

Bibeltimar over Filipparbrevet, 4.-7.oktober

Filipparbrevet 3 del 3 handlar om at Gud gjer noko nytt, og om kor viktig det er å ikkje sjå seg bakover.

Filipparbrevet 3 del 2 handlar om religiøsitet og kristendom, to ting som ikkje let seg sameina

Fil. 3, del 1 handlar om å den kristne gleda. Evangeliet er ei stor glede i seg sjølv, som skaper glede i hjarta når det blir trudd

Fil. 2 de 3 handlar om disippelskap som den suverent mest effektive metoden med tanke på vekst

Filipparbrevet 2 del 1. Kva ligg i uttrykket «Kristi sinn»? Korleis kan me som kristne få dette sinnet? Lytt her

Filipparbrevet 1 del 3. Kva er det å forsvara evangeliet? Kva er det å stadfesta evangeliet? Her kan du finna svar.

Filipparbrevet kapittel 1 del 2. Kva betyr det å vera heilag? Kva er ein tilsynsmann? Kva er funksjonen til ein diakon?

Filipparbrevet kapittel 1 del 1.. Handlar i stor grad om bakgrunnen for brevet

Tale 2.oktober. Marit Helene Aas. Tema: Jesus gjev Bartimeus synet attende

http://www.mediafire.com/file/7mkkd8vptgd9blm/2016%2C10.02._Marit_H_Aas._Bartimeus.mp3

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?