Under ei strålande sol og med ein litt kald trekk samla Kristkyrkja seg til Friluftsgudsteneste på Sæbø gard på første pinsedag. Det var Knut Arve Nordfonn som forkynte Guds ord, og han sa mellom anna:
«Då Den Heilage Ande kom til Jesu disiplar på pinsedag i år 33 e. Kr, sto dei offentleg fram og forkynte Guds sanningar. Det er slik Anden verkar. Evangeliet vert teke ut frå det private rommet og til det offentlege.» Slik talte Knut Arve Nordfonn på friluftsgudstene pinsedag år 2016 e.Kr. Han var sterk og klår i forkynninga si. «I våre dagar er dei liberale på frammarsj i Den norske kyrkja, og vil ha det til at Gud no tillet det han i Bibelen forbyr. Slikt må me tala imot. Likekjønna ekteskap er også vedteken politikk i USA. Det har president Obama sørga for. Over 3000 afroamerikanske pastorar har no samla seg og skrive eit protestbrev til presidenten der dei markerer at sjølv om dei er svarte, har ikkje ein svart president deira støtte, og dei ber han om å snu i denne saka. Obama har ikkje ein gong gidda å svara dei. No planlegg dei neste steg. Også her på Stord vil det dei komande dagane koma ut i avisene kva Kristkyrkja og Den Frie Evangeliske Forsamling ser på som Guds syn på ekteskapet. Dette vil nok skapa reaksjonar. Men Den Heilage Ande driv oss ut på banen.»
Mangt anna forkynte han også som var godt for forsamlinga å høyra på.
Og etterpå samla me gjengen til eit gruppebilete, før me grilla og kosa oss storleg.