Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Flott konfirmasjonsgudsteneste med internasjonalt gjestegalleri

Konfirmantane lesAmir Saber og Johannes Hellesøy vart konfirmerte i dag. Det vart ei høgtideleg samling med gjester frå USA, Tyskland, Sverige og mange stader i vårt eige langstrekte land.

Konfirmantane las kvar sin tekst frå Bibelen, og så svarte dei godt for seg under overhøyringa.

Kristin Sundfør framførte ein vakker song til konfirmantane som handla om Jesus som er den som med si kraft skal driva livet framover, slik som vinden driv seglbåten.

Pastor Jens Thoresen talte frå Johannes 1,35 ff, om då Jesus rekrutterte dei første disiplane sine. Det var ein sterk tale som rørte ved mange.
Her kan du lytta til talen:
http://www.mediafire.com/download/ovsq3qdab4uanjb/Tale_1._mai._2016._Pastor_J._Thoresen_.WAV

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?