Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Neste gudsteneste i Kristkyrkja vert 14.april

Då vil pastor Jens Thoresen tala over Kolossarbrevet 3:1-10. Det er eit uvanleg innhaldsrikt avsnitt både når det gjeld kva me skal tru og korleis me skal leva som kristne.

Tale 17.mars av Ulf Magne Løvdahl

Som kristne har me lett å måla trua vår, om ho held mål eller ber dei rette fruktene. Men det fører til motløyse. Vår frelse ligg ikkje i kvaliteten på trua vår, men på kvaliteten til Jesus som me trur på. Lytt til Ulf Magne Løvdahl sin frigjerande tale under fellesmøtene med Frelsesarmeen i helga.

Bibelens veg mot nord

Bibelhelg med Ulf Magne Løvdahl 15.-17.mars

Denne helga går Kristkyrkja og Frelsesarmeen saman om å arrangera møter med pastor, forfattar og forlagssjef Ulf Magne Lødahl (bilete over er teke av avisa Norge IDAG) , og me har den store gleda av å ønskja deg velkomen til tre lærerike og inspirerande dagar. 

PROGRAM

Fredag kl 19: Møte med kulturinnslag.

Laurdag kl. 12: Møte med utstilling.

Søndag kl. 12: Gudsteneste

DU ER HJARTELEG VELKOMEN TIL MØTENE!

 

Podkast

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?