Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Inspirerande nasjonal bønnekonferanse på Stord

Frå første minutt på konferansen sette Den Heilage Ande lovsongstonen. Kjetil Olsen leida eit team av drivande dyktige musikarar og songarar som gjennom helga løfta forsamlinga i heftig lovsong. Elles var konferansen prega av inderleg bøn, mektige syn, innsiktsfull forkynning og mengder med profetiske ord. Ranja er bøneleiar i Nasaret. Ho hadde ein sterk profetisk vinkling på dei to talane sine. Interessant å lytta til. Ole Petter Erlandsen hadde eit solid føredrag om den umiddelbare positive effekten som me kan… Continue reading »

Profetisk bønevandring på Moster 26.mai

Dagen starta med nattverd på kyrkjebakken utanfor Moster gamle kyrkje. Kyrkja var open slik at alle som ville kunne gå inn og sjå. Så samla alle seg ved kongesteinen for å be mot aust, som det står i kristenretten. Der las Alv Magnus også opp ei fråsegn på vegne av oss på bønekonferansen der me fråseier oss retten til å leva for oss sjølve i den tida som er att for oss. Pastor Jens Thoresen forretta nattverden for rundt 150… Continue reading »

Bønnevandring på Moster søndag 26.mai

Bønnekonferansen tek søndag turen til Moster for å gå bønnevandring frå Gamlakyrkja på Moster til krossen på Vetahaugen. Det blir kraftfull bønn, lovsong og frimodige innlegg på turen.
Arrangementet startar 10.00. Men ver gjerne ute i god tid.

Mektig pinsefestgudsteneste i Moster Amfi

«Essensen i det Bibelen lærer oss om pinsen er at ein klår bodskap om Jesus Kristus saman med krafta i Den Heilage Ande gjer at Guds rike bryt gjennom i enkeltmenneskes liv og i heile samfunn.» forkynte Øystein Gjerme for eit nesten fullsett Moster Amfi i dag. For oss som var møtt fram var dette ei gudsteneste som vil sitja att i kroppen i lang tid framover.

Bibelpodkast

23.mai 2024

Dette er i lita salme med eit veldig innhald. Rett og slett ein ressurs for livet.

18.mai 2024

Å be om fred for Jerusalem er viktig i vår urolege tid. Israel, Israels hovudstad, og det jødiske folk er utsett for vreiden frå Hamas, Hizbollah og Iran, samt alle deira sympatisørar verda over.

16.mai 2024

PINSEFEST I MOSTER AMFI 19.MAI kl 11

Komande søndag er alle velkomne i Moster Amfi til pinsefest. «Alle» kyrkjelydar i vårt distrikt blir med på dette flotte arrangementet der pastor Øystein Gjerme vil tala og Sigbjørn Hølmebak vil syngja. Dette er startsskotet på jubileet som skal feirast i dagane som kjem over kristninga av Noreg.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?