Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Profetisk bønevandring på Moster 26.mai

Dagen starta med nattverd på kyrkjebakken utanfor Moster gamle kyrkje. Kyrkja var open slik at alle som ville kunne gå inn og sjå. Så samla alle seg ved kongesteinen for å be mot aust, som det står i kristenretten. Der las Alv Magnus også opp ei fråsegn på vegne av oss på bønekonferansen der me fråseier oss retten til å leva for oss sjølve i den tida som er att for oss.

Pastor Jens Thoresen forretta nattverden for rundt 150 menneske som var med på marsjen

Bønefolket i god drøs på kyrkjebakken

På Kyrkjestølen bad me for Haiti, og tok imot profetiske ord der Gud kalla oss til å stå han nærare.

Og ein liten historietime var det plass til. Vebjørn Sand deler med oss sine tankar om kvifor Eirik Raude gav frå seg kongsmakta til Håkon den gode utan sverdkamp. Han var ganske sikker på at det var engelske bøner som gjorde utslaget.

I samband med drapet på tre unge misjonærar på Haiti torsdag 23.mai, vigde me oss i bøn for dette medherja landet.

Så enda me opp ved foten av krossen på Vetahaugen som i si tid vart vigsla av konge Håkon VII i 1924.
Her vart det meir song, bøn og profetord.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?