Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Tale 19.september

Dagens bibelrefleksjon

Konfirmasjonsgudsteneste 19.september

Velkomen konfirmasjonsgudsteneste på STORD UNGDOMSSKULE søndag 19. september klokka 11. Det er John Ruben Reinertsen og David Sabermotlagh som skal konfirmerast. Pastor Jens Thoresen taler over 1.Tim. 1,12-19.

Gudsteneste 12.september

Pastor Jens Thoresen

På gudstenesta komande søndag vil pastor Jens Thoresen tala over 1. Timoteus brev 1,1-11.

Paulus vil her poengtera at ytre religiøsitet har null verdi for Gud, og også for oss. Kristendomen handlar om usjølvisk kjærleik og ei uredd og ærleg tru.

Vel møtt for å høyra meir, og for å nyta fellesskapet med Gud og kjekke folk 🙂

 

Tale 29.august 2021.

Lovsongsmarsj

Komande laurdag deltek me på «Lovsongsmarsjen» som skal gå gjennom Leirviks gater. Møt opp på torget kl 13. Der blir det først ein appell før me begynner å bevega oss langs den ruta borgartoget nyttar kvar 17.mai. Me endar opp i parken.

Me oppfordrar alle Jesustruande til å vera med og løfta opp hans namn som er det einaste som kan frelsa.

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?