Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

mai 2016Monthly Archives

Kjekt bekjentskap med forsamlinga på Innvær

Møte på Innvær 5.mai

Det vart heilt fullt på Innvær bedehus i ettermiddag. Møtet var enkelt med barnsangar, bibellesning og tale. Kristi himmelfartsdag handlar meir enn noko om misjon, og alt i møtet var innretta på det store oppdraget som Jesus gav sine før han v

 

 


Flott konfirmasjonsgudsteneste med internasjonalt gjestegalleri

Konfirmantane lesAmir Saber og Johannes Hellesøy vart konfirmerte i dag. Det vart ei høgtideleg samling med gjester frå USA, Tyskland, Sverige og mange stader i vårt eige langstrekte land.

Konfirmantane las kvar sin tekst frå Bibelen, og så svarte dei godt for seg under overhøyringa.

Kristin Sundfør framførte ein vakker song til konfirmantane som handla om Jesus som er den som med si kraft skal driva livet framover, slik som vinden driv seglbåten.

Pastor Jens Thoresen talte frå Johannes 1,35 ff, om då Jesus rekrutterte dei første disiplane sine. Det var ein sterk tale som rørte ved mange.
Her kan du lytta til talen:
http://www.mediafire.com/download/ovsq3qdab4uanjb/Tale_1._mai._2016._Pastor_J._Thoresen_.WAV

 

 

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?