Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

februar 2017Monthly Archives

Fullt hus, fin gudsteneste og kjempegod middag

Harald Ersland hadde laga ei vidunderleg god jegergryte til heile kyrkjelyden i dag, det vart reine feststemninga. Han skal ha hjarteleg takk for god innsats.

Elles hadde me besøk av Elin og Odd Halvor Mosevold, to av kyrkjelyden sine pionerar frå 90-talet. Dei fortalde litt om korleis livet hadde laga seg sidan den tid, og om det rike ungdomsarbeidet dei står i på Osterøy for tida. Veldig interessant og spennande.

Talen i dag var henta frå Matteus 5,1-12, og pastoren hadde kalla han for «Disippelkvalitetar». Den kan du lytta til ved å trykka på linken under.

 

http://www.mediafire.com/file/8e470ydr7obh46j/Matteus_5%2C1-12._Disippelkvalitetar._Pastor_Jens_Thoresen.mp3

Bibelveke 21.-24. februar med tekstar frå Galaterbrevet

Under Bibelveka i haust tok me for oss Filipparbrevet. Det vart ein suksess. Framleis kjem det gode tilbakemeldingar på desse kveldane frå folk som var med på dei. Fantastisk kjekt.

21.-24. februar prøver me oss på nytt. Og denne gongen er det GALATERBREVET  som står for tur. Sjeldan kjem me apostelen Paulus sitt hjarta så nært som i dette brevet. Det dirrar av spenning, og glitrar med sitt åndelege klårsyn. Her kjem kjernen i det kristne evangelium fram på ein måte som me elles berre finn i Romarbrevet, men her me endå større pasjon.

Det er pastor Jens Thoresen som står for undervisninga. Det vert to økter kvar kveld med ein liten kaffipause mellom.
Slik som Filipparbrevet er «gledas brev», er Galaterbrevet «fridomens brev», og blir du med, kan det godt henda at du får oppleva ein djupare fridom i Kristus enn det du har gjort før.

Set av denne veka til Guds ord, og rydd alt anna mindre viktig unna.

 

Gudsteneste søndag 5, februar kl. 11. Tema: Disippelkvalitetar. Tekst: Matteus 5,1-13

Pastor Jens Thoresen

Talar: Pastor Jens Thoresen
Søndagsskule: Annbjørg Notland Reinertsen
Lovsong: Marianne Sjursen m/team
Møteleiar: Marit Helene Aas

Etter gudstenesta vert det middagsservering med påfølgande Tyrkiamøte. Dette med bakgrunn i at me har starta med eit støtteprosjekt overfor Antalia Evangelical Church.

VEL MØTT TIL ALLE!

 

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?