Jens ThoresenAuthor Archives
Gudsteneste 15 desember kl 12
På gudstenesta søndag skal me lesa og tala over teksten i Matteus 11:2-11. Det handlar om kva som skjer med oss når me føler oss gløymde av Jesus, og kva me bør gjera når slike tankar begynner å få overtaket i liva våre. Johannes døyparen var nok der i livet sitt. Det blir pastor Jens Thoresen som talar.
Gudsteneste 8.desember kl 12
8. desember er det 2.søndag i advent. Då skal pastor Jens Thoresen tala over emnet «Herren kjem!»
Me som er kristne ventar på at Jesus skal koma attende for å dømma levande og døde, og frelsa alle dei som trur. Men når kjem han? Det skal me snakka om på søndag, for det er ein del historiske markørar me skal sjå etter og vera merksame på når me skal vurdera kor nære me er hans kome. Me lovar deg ein interessant tale, godt fellesskap og litt å bita i.
Gudsteneste 24.november kl 12
På denne gudstenesta er det Knut Arve Nordfonn som skal tala. Og så blir det dåp.