Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Fråsegn frå kyrkjelydsrådet: Me støttar Israel

Den 7.oktober gjekk  Hamas til åtak på Israel. Det var eit uvanleg simpelt åtak retta mot forsvarslause, sivile menneske. Det vart ein massakre som kravde minst 1200 menneskeliv, femten gonger så mange offer som det me sjølve opplevde  22.juli 2011 då 77 menneske vart brutalt drepne i regjeringslokala i Oslo og på Utøya. Denne tragedien er den dag i dag eit massiv traume i nasjonen.

Me vil som kyrkje markera at me ikkje berre innrømmer Israel ein rett til å forsvara seg mot slike åtak, men også den israelske regjeringa si plikt til å setja ein stoppar for vidare åtak.

Me reagerer med vantru på at NRK-rapporter Yala Wolasmal i ein kommentar i Dagsnytt måndag 20. november (morgonsendinga) samanliknar Israels forsvarskrig på Gaza med Russlands åtak på Ukraina. Han spør retorisk: Kvifor boikottar ikkje Vesten Israel slik dei boikottar Russland?  Og han svarer sjølv med at Europa har dårleg samvit pga det som hende under Holocaust under andre verdskrigen.  Det er underleg at NRK ikkje klarar å skilja ein legitim forsvarskrig frå ein åtakskrig. Dei taper med dette truverde som nyheitskjelde.

Den 11.september 2001 tok Al-Qaida-medlemmer 3000 menneske med seg i døden i New York. Det vart rekna som eit åtak på NATO, og Noreg var brått i krig med Al-Qaida, og me måtte senda elitesoldatar til Afghanistan for å nedkjempa terroristane. Drapstala frå Afghanistan var langt høgare enn det dei var i New York. Men det var krig, og vårt engasjement var sett på som høgst legitimt. Men når Israel forsvarer seg på same vis, demoniserer ei heil verd landet. Det kallar me hykleri. 

Fredsforskar Nils Butenschøn (NRK- debatten tysdag 14 november) og den tyrkiske presidenten Resep Tayyip Erdogan (i det trykiske parlamentet same dag) slår begge fast at Israel driv med folkemord i Gaza. Det er underleg at Erdogan nemner dette med folkemord i og med at han nektar for at Tyrkia dreiv reelt folkemord på dei kristne armenarane i landet frå 1915 til 1917, og slakta ned rundt rekna 1,5 millionar av dei. Han skulle vera den siste her i verda å snakka om folkemord. Folkemord er å retta våpenmakt mot ei etnisk, politisk eller religiøs gruppe med den intensjon å fjerna dei frå jordas overflate. Israels krig i Gaza handlar ikkje på nokon måte om dette. Korleis kan det då vera 2 millionar palestina-arabarar i Israel som lever som vanlege borgarar side om side med sine jødiske brør? Israel krigar mot Hamas, ei terrorgruppe på linje med ISIS i Nord-Irak (og i mange andre land), Boko Haram i Nigeria og Al Shabab i Somalia. I denne krigen kjempa Israel for oss alle. Er det nokon som helst som kan tenkja seg ei verd styrt av islamistar og terroristar?

Det blir snakka stadig høgare frå antiisraelske krefter i Noreg, Europa og USA om at Israel ikkje har legitimitet som nasjon. Alle vedtak frå Folkeforbundet i 1923 og FN i 1947 blir ikkje nemnde ein gong. Israel må bort frå kartet og erstattast med det som Hamas i sitt tvilsame charter kallar ein «demokratisk multietnisk nasjon under islam». Til og med den elles så klårtenkte og respekterte ex-general Robert Mood meinar at tostatsløysinga er ein illusjon, og at me må gå for ein einstatsløysing. Men kva fundament denne staten skal byggja på, seier han ingenting om. Men kan han koma unna at dette må bli ei ny muslimsk statsdanning? Kva form for demokrati ser han for seg? Me veit ikkje. Vil berre minna om at det ikkje har vore demokratiske val korkje på Vestbreidda eller i Gaza sidan 2007.

Israel er ein stat der jødar har like rettar som alle andre menneske. Det har dei ikkje hatt i verda sidan før romarane erobra og okkuperte landet deira i år 63 f.Kr. I år 70 e.Kr. vart Jerusalem øydelagd av general Titus sine hærar, og på 600-talet  fløymde Muhammeds arabiske hærar over landet, og spreidde jødane i alle himmelretningar. I dei arabiske og muslimske landa vart jødane eit lågkastefolk, såkalla dhimmiar, som måtte betale ein ekstra skatt i takksemd for å få lov å bu der utan å bli drepne. I Europa vart dei nekta retten til å eiga jord. Kva skulle dei leva av? Dei vigde seg til vitskap, handverk og finans, og mange gjorde det godt. Denne suksessen trigga hatet mot dei, og løyste ut ei endelaus rekkje av forfølgingar og pogromar som til slutt enda med Holocaust der 6 millionar jødar vart gassa i hel av Adolf Hitler.

Etter kvart som jødane for 140 år sidan begynte å venda attende til lovnadslandet, vart to millionar jødar fordrivne og tvungne på flukt frå arabiske land. Kor skulle dei gjera av seg? Dei reiste til fedrane sitt land, til Israel og Jerusalem, byen og landet som hadde levd i deira kollektive minne i 1800 år. «Neste år i Jerusalem» hadde dei sagt til kvarandre kvar påske i alle desse åra.

Når arabiske statar no krev at Israel skal opna for immigrasjon av alle etterkomarane etter dei som flykta då staten Israel vart etablert i 1947, opnar dei i same rennet for at etterkomarar etter fordrivne jødar frå deira eige land skal få venda attende til eigedomane sine der? Nei, dei dørane er nok stengt for evig.

Jødane som kom til Israel vart raskt integrerte i samfunnet. Det er ingen flyktningerleirar med jødiske flyktningar i Israel. Kvifor er det så mange flyktningeleirar for palestinske flyktningar i arabiske land? Kvifor er dei ikkje integrerte i samfunnet?

Krig er liding. Me kjem ikkje bort frå det. Og det skal alle vita: Me er djupt fortvila over tap av sivile liv på Gaza. Det smertar oss at dette skjer, og me ber om at det snarleg må ta slutt. Men i denne krigen blir lidinga langt større enn naudsynt i og med at Hamas aktivt og med makt brukar sivile som skjold. Dei seier om seg sjølve at dei elskar døden like høgt som me i vesten elskar livet. Tapte sivile liv må Hamas difor ta på si kappe. Israel driv ikkje krig mot kvinner og barn (eller «babyar» som var det ordet som Frankrike sin president Macron merkeleg nok valde å bruka). Israel krigar mot Hamas, og berre mot Hamas. Det er ein legitim krig.

For Hamas er TV-bileta av sivile som lid viktige. Dei må ha desse bileta ut for å vekka sympati. Dei kan ikkje med eiga kraft fordriva jødane frå Israel. Dei må ha hjelp frå verdssamfunnet. Dei må få alle til å hata Israel, og få hatet sitt ut i gatene i alle store byar. Propagandakrigen ser Hamas ut til å vinna suverent.  

Me er kristne og elskar Israel av mange grunnar. Me forventar ikkje at folk som ikkje kjenner Bibelen skal forstå den posisjonen som landet har i vår teologi. Så den biten let me liggja her. Men at ei heil verd skal venda seg mot Israel som kjempar mot terrorisme, medan «kampen mot terror» har vore ei prioritert oppgåve for nær sagt alle verdas land i mange år, er ei gåte for oss. At millionvis av menneske går i tog og ropar ut at den staten som kjempar mot terrorisme er ein terrorstat, er ein direkte vrangsnudd retorikk. Snakk om å snu tinga opp ned.

Kristkyrkja på Stord

kyrkjelydsrådet

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?