Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Informasjonsmøte om The Send 2023

I dag kom Halvor Lindal, Erlend Seglem, Linn Magritt Jansen Bru og Vigdis Deborah Håland til Stord for å orientera om The Send (misjonskonferanse for ungdom) som skal arrangerast i IMI-kirken i Stavanger laurdag den 10.juni. Erfaringane frå fjorårsarrangementet i Telenor Arena i Oslo var svært gode, og dette året blir det desentralisert med arrangement i Oslo, Kristiansand og Stavanger. Alle dei store misjonsorganisasjonane stiller seg bak The Send i år som i fjor. Arrangementet varer heile dagen med forkynning, lovsong og bøn, sjølvsagt med nokre pausar inni mellom. Det er så langt 25 kyrkjelydar som har meldt seg på som medarrangørar, alle frå Rogaland. No er det frå gjestene våre eit ønskje om at kyrkjelydar på Stord og nabokommunane også melder seg på. I dag var det også representantar frå Fitjar til stades. På bilete ser du gjengen som var samla i Kristkyrkja på Stord denne ettermiddagen. Det vart ei svært inspirerande samling.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?