Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

mars 2021Monthly Archives

Gåva frå IMI-kirken som me fekk under besøket den 11.mars

AVLYSING

Pga oppblomstring av koronasmitte på Stord, blir gudstenesta i kyrkja avlyst i dag. Det blir forøvrig digital gudsteneste på facebook, og alle er velkomen til å vera med der 🙂

 

Gudsteneste i morgon, 14. mars, kl 11

Du er velkomen med alle dine 🙂

Pastor Jens Thoresen vil tala ut frå 1.Tessalonikarbrev kap 5 vers 1-11. Så blir det lovsong og nattverd.

Gjevt besøk frå IMI-kirken

Opplevde noko fint i går. Terje Høyland frå IMI-kirken kom på besøk saman med kona og to Acta-elevar for å velsigna leiarskapet i Kristkyrkja. Dei hadde med seg pizza, profetiske ord og eit vakkert kunstverk. Dei hadde sjølvsagt varsla oss på førehand at dei ville koma på besøk, og at dei hadde med seg noko godt, men me vart likevel så positivt overraska over det som me fekk vera med på i dag. For vår del har me aldri vore med på noko som liknar på dette. Det var ei skikkeleg åndeleg spaoppleving, og Anden kom og fryda seg saman med oss, og det er jo alltid like gøy. Og me er ikkje den einaste kyrkjelyden dei besøker i desse dagar på denne måten. Mange andre får same oppvartning. Heia IMI-kirken, altså.

Gudsteneste søndag 14. februar

Komande søndag blir det, om ikkje koronareglane endrar seg, gudsteneste i Bjellandsvegen 51 kl 11. Pastor Jens Thoresen vil tala over 1. Tessalonikerbrev kap. 5. Alle er velkomne!

Dersom ting skulle endra seg, blir det digital gudsteneste på Facebook.

Høgtidssam dåpsgudsteneste

På søndag vart Ramin Rahim Masto døypt til Kristus. Det vart ei høgtidssam stund både for han og for kyrkjelyden. Fint å få ønskja nye menneske velkomen inn i Guds store familie. 

Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?