Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

1.påskedagsgudsteneste

Tidleg morgon, den første dag i veka, kom det ein engel frå himmelen ned i hagen, han var som eit lyn å sjå til. Han velta til sides steinen som hadde lukka Jesu grav, og  ut kom JESUS.  Det er 1.påskedag, og gleda kan ikkje vera større. Me har ein levande frelsar! Han sviktar aldri.

GOD PÅSKE!

I denne videosendinga forrettar pastor Jens Thoresen ei enkel gudstenestete, og i talen tek han opp dei argumenta som gjerne er blitt brukt mot at Jesus kan ha stått opp, at heile forteljinga berre er ein ønskedraum frå tilhengarane hans. Det er det ikkje. Alle ting talar for det motsette: JESUS STOD OPP, OG HAN LEVER I DAG. Så blir neste spørsmål kva dette betyr for oss. Det spørsmålet får også sine svar.

 

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?