På mandag startar årets evangeliseringsveke. Alle som har lyst å vera med å ta Jesus med ut på gata til folket, er velkomen til det. Me møtest i Kristkyrkja kl 10 (bøn og anna førebuing), og satsar på å vera på gata frå 11 til 14. Me har med oss evangeliseringslitteratur, traktatar, teiknetavle, kaffi, kaker, bord og stolar. Dette er både spennande og lærerikt. Be no i forkant av aksjonen at me skal møta mange som er positivt interessert, at Gud skal leida oss og gje oss rette ord, at Guds kraft skal vera over oss, at Guds fred skal vera med oss og hans kjærleik strøyma ut frå oss. Kanskje dei av dykk som ikkje har høve til å vera med, kan vera med i bøn?
Kategorier
Søk på siden
Her finn du oss: Bjellandsvegen 51
Gode nettsider
- Åpne Dører
- Asia Link Asia Link er ein misjonsorganisasjon som støttar og inspirerer nasjjonale evangelistar i 11 asiatiske land.
- Global bøn Gud formanar oss i 1. Timoteusbrev å be for alle menneske fordi han vil at dei skal bli frelst og læra seg å kjenna sanninga. Har får du hjelp til akkurat DET.
- Les Bibelen med Jens Gjennomgang av bøker i Bibelen, vers for vers der målet er å opplysa, inspirera og utrusta
- Likkledet i Torino Mysteriet, oppdaginga og bodskapen i verdas mest utforska objekt
- Pastorbloggen Pastor Jens Thoresen skriv her om ting han synest er viktige
- Samlivsbanken Undervsining om Bibelens samlivsetikk. Her er det mange ressursar til bruk i ulike kristne samanhengar. VIKTIG!
- Stefanusalliansen
- Wycliffe bibeloversettere
