Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Håkon C Hartvedt talar og syng på gudstenesta 4. februar

Den neste gudstenesta i Kristyrkja vert den 4. februar. Då er må så heldige å få Håkon C Hartvedt på besøk. Han skal tala, spela og syngja. Håkon er opphaveleg bergenser, men har i heile sitt vaksne liv budd på Fitjar og jobba som ungdomsskulelærar der. I tillegg til si lærargjerning, har han i mange år skrive andaktar for avisa Dagen, og desse er gjevne ut i bøker. Og som om ikkje det var nok, har han også vore, og er, redaktør i Fitjarposten. Håkon er ein utruleg fin fyr som me gleder oss å lytta til. Vel møtt til alle søndag 4. februar kl. 11. 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?