Kristkyrkja er ein fri og sjølvstendig lokal kristen kyrkjelyd på Stord

Gudsteneste 3. des., 1. søndag i advent

Pastor Jens Thoresen

Søndag er du hjarteleg velkomen med alle dine til gudsteneste kl. 11. Det er første søndag i advent, og frå gamalt av er dette den første dagen eit nytt kyrkjeår. Som frikyrkje betyr ikkje DET all verda, men me tenner lysa våre og markerer adventstida slik.

På søndag vil pastor Jens Thoresen tala ut frå 1.Kongebok 17, då Elia berga sonen til enkja i Sarepta ut frå dødens klør. Guten var død, men Elia vekte han opp att. Det føregreip den store sigeren over død og grav som Jesus skulle vinna 800 år seinare. Som kristne i dag lever me i denne sigeren, og det vil pastor Thoresen fokusera på på søndag.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

 
Denne siden bruker informasjonskapsler. Hva er en informasjonskapsel?